Skaun kommune [hjem]
Skaun kommune > Om Skaun > Skaunasongen

Skaunasongen

Tekst: Bj. Slapgard
Tone: Lars Minsaas


Der ligg ei bygd i mellom dalar to,
med skog i kring så fager logn og god,
der gror det grønt i legder og i lier,
der glitrar snøen kvit ved vintertider.
Små sjøar blinkar opp mot himlen blå,
når våren vinn og isen rømer frå.

Når blomen dryss i li av hegg og raun,
då er det fagert her i gamle Skaun,
når grågåsflokken kjem frå sudlandsferda
og ber fram helsing i frå vide verda
då bankar hjarta varmt for bygd og land
og bind til heimen nye kjærleiksband.

Og gamle soga full av dåd og draum,
igjennom bygda ber sin minnestraum.
Dei gamle tufter og dei gamle steinar,
i famnen trufast gøymer namnet Einar.
Høyr kyrkja nemner heilag Olavs navn
og tårnet peikar inn i evig havn.

Sjå kyrkjegarden stend med stein og kross,
her blundar dei som rudde rom åt oss.
Og mang ein trugen ein som sleit og kava
fekk ingen kross og ingen stein på grava.
Dei berre gav til andre traust og trutt,
til graset løynde tuva hans til slutt.

Gud signe kvar ei trufast arbeidshand,
som kvila der på kyrkjegarden fann.
Gud gjev di signing til dei unge hender,
som heimen hegnar og som åker vender.
Gjev vilje til å fylgje feders veg,
og lei oss alle nærare til deg.


   
Sist oppdatert 25.04.2009