Skaun bygdamuseum

Skaun bygdamuseum består av garden Skreddarhaugen, ei museumsutstilling på Venn og Råbygda skule frå 1878.
Skreddarhaugen
ligg oppe i bakken aust for Husaby. På museumsområdet finst ei stue frå ca 1750, ein låve frå 1600-talet, to bur og pumphus. Bygningane inneheld interessante gjenstandar frå kvardagsslit og høgtid – slik ein kan tenkje seg det var på ein liten gard i Skaun fram mot 1900-talet.

Lokalhistorisk utstilling
I kjellaren i Fleirbrukshuset på Venn, like ved Skaun kyrkje, har museet ei utstilling som gjennom plansjar, foto og gjenstandar, viser sentrale sider av historia i bygdene i Skaun.

Råbygda skule
Skulen er frå 1878, og ligg på Melby, ca. 5 km sørvest for Venn. Bygningen har eitt klasserom, og i tillegg ein liten lærarbustad. Her kan ein drøyme seg tilbake til "ein skuledag i gamle dagar".

Skaun bygdamuseum har som formål å bevare kulturminne i heile Skaun kommune. Museet er ein sjølvstendig organisasjon som er underlagt Skaun historielag. Skaun kommune har ein representant i styret.

Vil du besøke museet, kontakt Hallgerd Aune, tlf. 72 86 48 84.
Tips en venn Skriv ut

Skjema