Vinterkulturuka 2022 startar 28. januar, og vi ser at det er kort tid att før programmet for kommunens store festival skal vere på plass. Vi håpar at det friviljuge kulturlivet igjen vil fylle veka med aktivitetar og fest. Her kjem noko av den informasjon de treng i arbeidet fram mot ferdig program.

Vinterkulturuka 2022 blir arrangert frå fredag 28. januar til sundag 6. februar.

For dei fleste som mottek denne invitasjonen til vinterkulturelt utviklingsarbeid er grunngjevinga og  motivasjonen for ei kulturveke kjent. Om nokon likevel skulle vere lite kjende med dei overordna måla, fylgjer her ein kortversjon av dei: 

  • Styrke friviljuge lag og organisasjonar
  • Syne fram lokal kunst og kultur
  • Styrke ungdomskulturen
  • Bruke veka for å bygge nettverk i vekstkommunen vår
  • Gje kulturopplevingar til alle innbyggarane i kommunen

Allmøte

Eit allmøte for planlegginga av Vinterkulturuka 2022 blir arrangert måndag 1. november kl. 18.00 i auditoriet i Bautaen kulturhus. Erfaringane med slike møte er delte, samstundes ser vi at vi gjennom denne type treff finn løysingarar som bidreg til større heilskap i programskapinga. Det vil bli ei kort orientering om status for programmet og om veka så langt, og om fordeling av stimuleringsmidlane.

Ved planlegging av Vinterkulturuka 2022 ber vi dykk ha med følgjande i planlegginga: 

  • Vi har lagt pandemien bak oss og opnar no for «vanlege» arrangement.
  • Opninga blir i Bautaen kulturhus laurdag 29. januar. Også i resten av veka blir det mange aktivitetar i kulturhuset. Samstundes ynskjer vi at de planlegg for ei breitt program på eit mangfald av arenaer.
  • Vinterkulturuka ynskjer å nå all ungdom, ved å presentere eit program med ein tydelegare ungdomsprofil. Vi håpar at de vil bidra til dette.
  • Vi vil lage ei veke som trekker til seg ny innbyggarar, og innbyggarar som på ulike måtar fell utanfor det ordinære kulturtilbodet i kommunen.  
  • Vinterkulturuka treng eit sterkare kulturelt mangfald.
  • Tilgjengeleg for alle er viktig, og vi ber dykk leggje planar for slik tilrettelegging.
  • Tysdagen under Vinterkulturuka gjentek vi arrangementet 3333 lys.  

 

Meld inn program

Frist for å melde inn aktivitet til programmet vil i år være 1. desember.

Også i år presiserer vi at vi ikkje ber om aktivitet og innspel frå alle friviljuge lag og organisasjonar i kommunen. Kommunen vår skal ose av aktivitet og kulturprogram både før og etter ei slik veke.   

 

Stimuleringsmidlar

Erfaringane frå alle år med stimuleringsmidlar seier at dette bør vidareførast som ein berebjelke for kulturproduksjon. Det vil også i 2022 være mogleg søke tilskott til arrangement og aktivitetar, mellom anna for nytenking og utvikling. Til fordeling for Vinterkulturuka 2022 er det sett av kr. 100 000,-. Søknadsfrist er 5. november 2021

Lenke til skjema kan de finne under «skjema» på kommunens heimeside – eller ved å trykke her

 

Organisering

Vinterkulturuka blir koordinert i samarbeid mellom Skaun kulturråd og Skaun kommune – Kultur, fritid og frivilligheit.

Vi ynskjer at all informasjon mellom aktørane i veka skal skje via e-post. Send kontaktinfo til steinar.haugen@skaun.kommune.no

 

Med helsing, for Kultur, fritid og frivilligheit og Skaun kulturråd                                           

                                                                                            

Knut André Bjerke                                                                 Steinar Haugen

einingsleiar                                                                              fagleiar kultur